mandag, desember 17, 2007

Eple

Det vart ny veke før epletesten kom seg på verdsveven. Det har seg slik at testnotata låg på jobbmaskina, og den har det best på skulen i helga. Men i dag har eg vore i Drammen og flytta litt på notata. Od sidan dei no er tilgjengelig er det berre å publisere.

Vi fikk to typar eple, Granny Smith og Red Delicious. Eller sure og søte om du vil. Eg tek dei sure fyrst. Granny Smith er definitivt ikkje min favoritt. Allereie etter tre eple har munnhola kjensla av å vera ein blaut svamp. Ru og raspete. Ikkje ulikt kjensla ein får av å ete ein pose sitrondrops på ein time. Denne kjensla slepp ikkje taket same dagen. Fjerde og femte eplet går ikkje ned utan kaffi. Eg freista med vatn, men det gjorde berre vondt verre. Eg hadde ete frukost og åt grovbrød til formiddagsmat, likevel romla magen etter tre eple. Sure eple gir deg mageromling. Noko luft blir det og. Men ingen biverknad av typen lukt.
Red Delicious er søte. Dei glir rett ned. Epla som eg åt var meir enn relativt mogne. Dei var nok meir melne enn faste. Lite mageromling, men mykje luft og lukt. Red kan kombinerast med på både vatn, kaffi og pepsi max utan at det gjer nokon skilnad. Men å sei at det er godt er å lyge. Men ikkje er det vondt heller.
Ekspertane meiner at frukt har god effekt på helsa. Så då er det vel berre å ete.
Mitt tips er likevel å bake ei eplekake av dei fem epla. Det er gjerne ikkje sunt, men det smakar i alle fall godt. I alle høve om du slenger på ein boks vaniljeis og litt sjokoladesaus.

No er alt klart for kalving. Henta barnevogna i dag. Det gliset. Han vert nok tøffaste tassen i gata. Han vert nok det.


hepp hepp og spis fint!

r