torsdag, desember 13, 2007

Skulefrukt

Øystein Djupedal har aldri vore min helt. Og han kjem nok aldri til å bli det. Men han skal ha tommel opp for ei sak. Skulefrukt. Det er ikkje sikkert at det er han som skal ha tommelen opp, men han får det av meg.
Eg er nett ferdig med fem veker praksis. Ungdomsskule i Drammen. Det har vore lite praksis, men mykje vikartimar. Skulefrukta til herr Djupedal er ein ting eg har lært meg å setje pris på. Det er nemleg ikkje berre elevane som nyt godt av godet. Lærarane og. På lærarrommet står det eit stort fruktfat overfylt med frukt. Vel og merke eitt slag om dagen, men det tomt vert det ikkje.

Fem om dagen er det vel Bama som reklamerer med. Eg trur tanken er fem ulike slag.
Kvardagen til ein praksislærar, eller vikarlærar, startar halvni og sluttar klokka to. Frukta kjem klokka ni. Matematikk gir meg fem timar med frisk frukt. Eller eitt stykk i timen. Eg klarer nok to i timen. Frå tid til annan er det variasjon. Då vert det servert gulrot. Frukta varierer mellom eple, pære, banan og clementin.

Det tok vel ein halv dag før eg kjende at dette gjer noko med lekamen. Einsarta kosthald er ikkje anbefalt, og det forstår eg. Eg gjer det. Frukta vert jo og ofte skylt ned med kaffi. Dette gjev meg bloggelyst. Og det er difor på sin plass med test av frukt. Kva gjer til dømes 7 stk pærer og 4 koppar kaffi på fem timar med kneet, nasa eller magen. Den som les får svar. Min medstudent, ei triveleg taus frå beste vestland er, totalt uvitande, testpanelet forutan meg.

Eple er fyrste frukt ut, men ikkje i dag. Det dreg seg nok mot helg før den forskninga vert publisert.

Om 26 dagar er det knappe 6 % sjanse for at eg vert pappa. Han må nok klare seg utan frukt eitt halvt års tid. Men kva skal ein med frukt når det er daiar å få?