Pære
Pære er godt. Og pære kan ein ete på mangt slags vis. Men ikkje i skulen, og ikkje når det skal testast. På skulen fekk vi pærer av det harde slaget, ikkje dei melne. Dei melne er godt beskrive av Meg Ryan i "City of angels"
Dei harde pærene glir godt ned, treng ikkje kaffi, og er nok godt for tenna. Men når det smakar godt, et ein gjerne for mange. Eg gjer i alle fall det. 5 om dagen vart 5 før etefri og 5 etter, og gjerne to mellom før og etter. Dette skaper luft. Og lufta vil ut. Pæreluft kan ein ikkje sleppe ut som smygarar. Pæreluft kjem med smell hjå denne karen. Den andre testpersonen har nok meir folkeskikk enn eg, og ho hadde hyppige, korte besøk på rommet med hjarte i døra. Problemet med pære kjem når ein underviser heile dagen, det er lesing på timeplanen, 5 pærer på plass i magen, og lufta vil ut. Det kan bli flaut.
Pære duger ikkje som maulemat. Rett og slett.
Del heller ei pære i skiver, legg den på skiva med litt blåmugg ost eller ein god geitost så snakkar vi snacks. Pæremelk eller pærecultura som det og blir kalt duger forøvrig som førebyggjande mot luft om du skulle lure på det
Det vert nok nytt år før gulrota blir testa. Tassen har det flott i magen, Sprellar når eg syng, men har ikkje gitt tegn til å ville helse på omverda heilt enda. Og det er bra. Han skal bli eldst, ikkje yngst i klassa.
R